Er du ein av dei som ser lyst på livet? Ser du kva som er mogeleg, heller enn problema? Er glaset halvfullt, snarare enn halvtomt?
Då kan det hende at du har den lange versjonen av genet 5-HTT, som regulerer det kjemiske stoffet serotonin i hjernen, og som no ei vitskapleg studie knyttar opp mot evna til å vera tilfreds, eller lukkeleg, i livet.
Har du derimot den kortare versjonen av genet, vil du truleg ha eit meir pessimistisk grunnsyn og kanskje i større grad gå og sture.
Men det er ingen grunn til å henge med hovudet av den grunn, tvert imot:
”Det kan hende at biologien min lurer meg til å tru at situasjonen er meir rosa enn det den verkeleg er. Dersom du kombinerer denne innsikta med din eigen viljestyrke, kan du overvinne den psykologiske nedturen, du kan heve deg over den og sprenge grensene for den. Kunnskap er makt.”
Omlag slik ordlegg leiaren for studien seg, Jan-Emmanual De Neve, ein åtferdsøkonom ved London School of Economics, ifølge den engelske avisa The Independent.
Dette er reframing på høgt nivå.
Det kan sjå ut til at mannen er NLP og coaching skulert.
Les artikkel i The Independent