3 gode råd til deg som er sensibel

Av Jan Otto Hovda - 24. mai 2017

Kor sensibel er du? Kva kan eg seie eller gjere for å få deg til å tenne på alle pluggar, til å gå i kjellaren og føle deg liten, til å bli såra eller krenka?

Eg veit ikkje korleis det er med deg. Sjøv er eg utruleg sensibel, men for at du skal lukkast med å såre meg, må du kome med noko som eg veit er sant. T.d.: Du er dum! Du er ein dritsekk! Du er ikkje god nok!

Korleis du seier det, er ikkje avgjerande. Du treng ikkje seie det rett ut, det held å insinuere, implisere eller berre syne det med kroppsspråket. Så lenge eg veit at det stemmer, og skammar meg over det, er det mange vegar som fører til Rom.

Sensibel: Avslørt

Den som sårar meg, har gjennomskoda meg. Ho eller han har funne vegen inn til mine djupaste skuggar, fått kontakt med dei sidene av meg som ikkje har lov til å vere, som er der, men som ingen må få sjå – i beste fall ikkje ein gong eg sjølv.

Du vil aldri oppnå å såre meg ved å angripe det som eg veit er mine styrker, dei sidene av meg som er frontar og elskar å bere til torgs – same kor uspiselege og usympatiske desse sidene måtte fortone seg for deg og andre. Dersom eg er stolt av å være dritsekk, byggjer du meg berre opp ved å kalle meg det.

Og så har eg svake sider som eg aksepterer eller har forsona meg med. Ok, du har registrert det. Det er ikkje optimalt, skulle gjerne hatt det annleis, men slik er det berre. Greitt nok. Ikkje mykje potensial til å få meg ut av likevekt her.

Råd 1: Aksepter

Dersom du altså er ein av dei som er svært sensibel vil første råd vere: Aksepter dine skuggesider. Slutt å skamme deg. Tenk: Eg er god nok, sjølv om …

Dette er like lett som: «Velg å være lykkelig». Dvs. at mange vil oppleve det som lett sagt. Omsett til bokmål vil det passe godt på Facebook: «Aksepter dine skyggesider». Her finn dette rådet selskap og sklir elegant inn i den nye visdomslitteraturen, veleigna som det er som «commonplace» eller klisjé.

Råd nummer 1 var mest til glede og hjelp for dei som ikkje treng slik hjelp.
Her kjem neste i same slengen:

Råd 2: Vend ryggen til

Gjer deg robust og legg lokk over. Du er for kjenslevar. Du må herde deg, gjere deg utilgjengeleg, heve guarden. Vend ryggen til skuggen din og andletet mot sola. Ha fokus på dine sterke sider og lat som om dei svake sidene ikkje finst. Steinandlet og humor er bra. Øv deg i mobbing. Sei til deg sjølv: Eg er sterk. Eg er smart. Eller, og det plar vere svært effektivt: Eg er ok, og du er ok, men han, ho, dei er ikkje ok.

Ulempa med ein slik strategi er at du ikkje har 100% garanti. Som visse andre prevensjonsmiddel kan han sprekke. Og dessutan kostar denne type fortrenging og projeksjon mykje energi.

Strategien funkar best dersom du har eit nokolunde hardt panser frå før. Det er lettast å bli tøffare når du alt er tøff. Du kan med andre ord shine opp messingen i rustningen, gi skjoldet eit nytt strøk og kvesse sverdet, krype inn i sneglehuset. Den funkar mindre bra dersom du er eit blautdyr utan skal.

Råd 3: Gi f…

Tredje og siste råd: Gi f… Du er den du er. Lær å elske dine svake sider. Dyrk dine eigne skuggar, lev ut dei sidene av deg som tidlegare har vore tabu. Gi etter. Vær svak. Vær vond. Vær stolt av dine dårlege vanar. Du kan ha rimeleg lit til at dersom du er dum, blir du deilig.

Dette er ikkje stort vanskelegare enn å sleppe litt på sjølvdisiplinen, slik du kanskje kjenner det frå sydenturen, frå opphaldet ditt i Afrika, frå erfaringar med sjokolade, røyk, alkohol – eit lite slepp, og så går det av seg sjølv. Det tek ikkje lang tid før den rasjonelle delen av hjernen din finn kreative grunngjevingar for at det er slik det skal vere, alt er i sin beste orden.

Negativ konsekvens kan her i sjeldne tilfelle vere ringverknadene. Du risikerer å hamne i fengsel, bli uglesett i nærmiljøet, skilt. Borna dine kan miste sin rollemodell, du kan bli endå meir upopulær som sjef.
Men pytt, pytt. Gir du f…, så gir du f…
Fleire råd har eg dessverre ikkje. Eg har ikkje tid til meir heller.

Donald dansar

I stad såg eg ein videosnutt der ein amerikansk president, som har god tilgang til rådgjevarar, dansar med saudiarabiske sjeikar. Eg trur det må vere løysinga for meg, så no vil eg ut og øve meg på å danse med skuggane mine. Til å begynne med vil det nok sjå pinefullt, pinleg og dumt ut. Men eg skal øve godt og lenge og bli ein sann meister. Eg er viss på at skuggane mine vil gi meg den olja eg treng.
May the force be with you!

 

Andre blogginnlegg av Jan Otto Hovda:

Den gode latteren

Å takle vanskelige mennesker

Hva vi kan lære av psykopater

Kommentarer

Kommentarfeltet er stengt mellom kl 23:00 og 07:00.