Å tenke koffert om arv og miljø. Eller: Eplet faller ikke langt fra stammen

Av Jan Otto Hovda - 10. august 2016

Arv og miljø

Kan du ta med koffert på epleslang? Javisst!

eple

Ja, du har sikkert sett dei, du òg. Dei første epla som ligg strødd i graset under treet. Enno har dei kvite kjernar og manglar full aroma, men ned fall dei, og nede blir dei. Dei fall ikkje langt frå stammen, og ikkje trilla dei så langt heller. «Det smager jo af roden», som Peder Syv, eller Septimus, konstaterte i 1862.
Det var nok vinden som røska med seg desse epla før tida, ikkje eit utôlmodig ønske om at no må det endeleg bli haust.
Eller var det sitringa: Eg kjenner meg så klar! Er eg ikkje moden snart?
Sjølv er eg no i ein alder som høver til årstida. Kjernane er ikkje brune enno, full aroma manglar. Men det smakar alt litt av rota.
Eg er gamal nok til å ha opplevd korleis det er å stå i vinden og kjenne trongen til å berre late seg røske med, gleda av å ha luft under dei innbilte vengene: Fell eg, så fell eg, men ingen skal kome og seie at ikkje eg torde fly!
Ok, eg har vel landa relativt mjukt, fått eit avslappa forhold til vêr og vind. Og eg har nok fått eit relativt ironisk forhold til min eigen nostalgi.
Men smaken av rota melder seg. Av og til. Brått legg eg merke til mine eigne rørsler: eit lite kast med nakken, hoderisting. Eller det kan vere ei formulering eller ein tanke. Eller ei kjensle som eg meiner kjenne att.
Eg kjenner att far min i meg sjølv.
Eplet har ikkje falle langt frå stammen. Og ikkje har det trilla så langt heller.

???

Kan det vere sant?
Eg som har levd mitt eige liv, gått mine eigne vegar, teke mine eigne val?
Og så dukkar far opp når eg ligg her på plenen og trudde at eg var moden? I trekka til far min framstår til og med resten av Hovda-slekta, tanter og onklar, utilnærmelege farfar – klansmerke – prinsippfaste kvinner og sinte, gamle menn.
Dette er augeblikk då spørsmålet til Trine Åldstedt vert påtrengjande aktuelt:

Kven er det som har pakka kofferten din?
Eller koffertane?
En gong brende eg dei fleste bruer og sette meg på toget til Vest-Berlin med to koffertar og eit brennande hjarta. Den eine kofferten var blå, den andre var brun. Og hjarta var sjølvsagt – inne i meg og ikkje synleg. Konkret, men likevel ei eventyrleg reise, som truleg framleis ikkje er over.
På den reisa, som me ut frå vanlege konvensjonar kan kalle livet, dreg eg også på to koffertar. Om du vil setje farge på dei, så er eg innforstått med blå og brun. Begge har etikettar. På den eine står det med store bokstavar ARV. På den andre (litt utviska etter mange grep av feittete fingrar) miljø.

 

Koffert: arv og miljø

Koffert: arv og miljø

Kva for ein av dess to koffertane veg tyngst, trur du?
Den biologiske kofferten, den med ARV-etiketten, er i alle fall den som får vere mest i fred. Av og til kryssar eg ei grense der ein eller annan tollar ønskjer å kaste eit blikk i han, og så er det greit. Alt som er i den kofferten får vere med. Alltid.
Med miljø-kofferten er det meir styr. Kven er det eigentleg som har pakka den? Og kor mykje av innhaldet er det lov å ta med vidare?
Alt første skanninga i sikkerhetskontrollen avslører skarpe gjenstandar og flasker med for mykje væske. Haldningar, fordomar, political correctness. Det er greitt nok. Dumskap å ta med slikt. Berre kast.
Men alt det andre rotet! Pakka ut, pakka inn. Fullt av fingeravtrykk og DNA frå foreldre, søsken, lærarar, prestar, fotballtrenarar, skulekameratar, journalistar, skodespelarar – you name it.

Alle har visst hatt fri tilgang til den kofferten.

Ved nærare ettersyn kan det verke som om noko er nyttig og brukbart, ja, faktisk mykje meir enn det førsteinntrykket kan tyde på. Det er meir kaoset og det vanskeleg identifiserbare opphavet som er problemet, ikkje kvart enkelt element.
Altså: Ryddesjau. Skippertak. Få struktur og system.
Ei lita stund vert eg nøydd til å overstyre den genetiske arven som ligg i den andre kofferten, det programmet som på NLP-språk heiter «in-time» og som ser på orden som ei tvangstrøye.
Kofferten må delast inn i ulike rom. Men først må alt innhaldet i ein haug på golvet.
Når kofferten er tom, gjeld det å finne gode merkelappar og rett storleik på de ulike avdelingane. Her må eg prøve meg fram:

Erfaringar, gode og vonde
Kunnskap
Verdiar
Overtydingar
Haldningar

Det får halde i første omgang. Det er i alle fall ein start. Sorteringa kan ta til.

Erfaringar, gode og vonde

Treng stor plass.
Relevante spørsmål:
Skal dei vere kvar for seg, eller saman?
Kvifor skal dei vonde erfaringane og opplevingane i det heile vere med?
Kva er nytteverdien?
Eit mogeleg svar: Ja, pakk dei i lag. Dei skal vere med, fordi all erfaring kan vere ein ressurs. Erfaringane kan gi deg ein peikepinn om korleis du har vorte den (eller rettare: dei) du er, ikkje sant – det veit me alle frå klassis psykologi. Samstundes kan eg bruke dei som ein slags ruteplanleggar for reisa vidare: På kva måte skal erfaringane, dei gode og dei vonde, gi retning og meining til det som skal kome?

Kunnskap

Alt du kan og alt du veit. Det veg så lite og varmar så godt. Og alt det du kjem til å lære, eller i alle fall den opne, nysgjerrige mottakaren (eller reseptoren) for alt det. Det som set i gang produksjonen av dopamin og oksytosin i hjernen, som gir deg rørsleevne og evne til å bygge opp gode relasjonar, til deg sjølv og andre.

Alt det som berre Alzheimer kan ta frå deg.

All kunnskap er god kunnskap. Javel? Kven seier det?
Her har garantert andre hatt sitt ord med i laget. Vurder avlæring! Aktiv avlæring vil berre seie at du går i metaposisjon, ser på læringa utanfrå, det er ikkje å trykke på ein Delete-knapp.

Verdiar

Her gjeld det å halde tunga beint i munnen, å skilje mellom mitt og ditt.
Generelt gjeld påstanden: Det som kjem frå andre (sosialisering/samfunn), styrer deg, det som kjem frå deg, styrer du. Ein god del av dei verdiane som du ikkje sjølv har vore opphav til, kan du tilrive deg, gjere til dine, dvs. at du kan ta styringa over dei, velge å ha dei med, eller velge dei bort.
Relevante spørsmål: Dersom noko er viktig for deg, korleis veit du det, korleis syner det seg? Kor kjem det frå? Kva effekt har det på livet ditt? Kva konsekvenser får det å etterleve verdien/handle i strid med verdien?
Kva så med dei bestikkelege verdiane? Tja, på eit eller anna vis må jo reisa finansierast.

Overtydingar

Korleis heng ting saman. Kva er mogeleg? Kva karakteriserer meg som turist i nattens lugar? Kva kan eg oppnå?
Av og til høyrer me: Hvis du ikke tror på deg selv, hvem skal gjøre det da? Eller som Atle Øi formulerte det i CoachMagasinet: «Hvis ikke jeg ser potensialet i meg selv, er det lite sannsynlig at andre gjør det heller.»
Ok, det er mitt. Men eg tek og med ein del av det som andre har pakka her: Ofte ligg potensialet bak den blinde flekken i auga. Då må andre oppdage det først, for at det skal kunne utfalde seg. Gode mentorar, dei som ser kva som bur i deg, er altså viktig. Dei skal få god plass i min koffert.
Eg tar til og med Håvamål med meg på ferda vidare. Og Moselova, men den puttar eg i rommet for verdiar.

Haldningar

«Jeg skal være god og snill og ellers gjøre som jeg vil.»
Ja, for eksempel.
Relevante spørsmål: Korleis skal eg møte motstand? Korleis skal eg leve med suksess? Korleis skal eg møte dei som vil meg vel? Korleis skal eg møte dei som vil meg ille, dei doble tungene, bakvaskarane? Korleis skal eg møte dei som ikkje skjønar meg?
Ein buddhistisk meister sa ein gong til eleven sin: Tal berre til dei som er interesserte i å høyre det du seier!
Men korleis kan eg vite kven det er, utan å tale til alle for å sjå korleis dei reagerer?

 

aalreit_013

Skomaker bli ved din lest

Nok er nok. Den skal jo berast òg, denne kofferten. Kva ligg att på golvet?
Tanke- og handlemønster
Mønster for emosjonelle reaksjonar
Vanar og uvanar.
Ok, da. Stapp det oppi, dersom du ser eit hol. Det rotar seg til igjen, åkke som.

Heldigvis er det lettare å håndtere den andre kofferten. ARV.
«Er vi født sånn eller blitt sånn – hvorfor oppfører vi oss slik vi gjør?»
Slik formulerte Harald Eia og NRK spørsmålet i 2010. Og kom med eit svar som Ole Brumm neppe ville sagt seg samd i.
Dersom potensialet mitt er ein strikk, og den kan vere liten eller stor, så er det vel berre å begynne å tøye på den.
Dermed høver det vel å avslutte med Formann Mao, som mellom anna var kjend for sine eplekjakar:
Dersom du vil lære noko om eit eple, må du endre eplet ved å ete av det.
Eller med Arild Nyquist:

Så er jeg blakk,
dessverre
men Kongen har det
verre
for nå er høsten godt i gang
og jeg kan gå på epleslang
og jeg kan stjæle flaskepærer
og alt hva dikter A. begjærer (av frukt!)

Kommentarer

kommentarer