DARLING, YOU WERE WONDERFUL TONIGHT – korleis gi kompliment på høgt nivå

Av Jan Otto Hovda - 9. desember 2018

I dette blogginnlegget undersøker eg skilnaden på smiger, smisking og pleasing på den eine sida og oppbyggjande ros og kompliment på den andre. Pluss at eg nemner eit par føresetnader som gjer deg i stand til å gi kompliment av høg kvalitet for å løfte og fremje andre menneske.

Er du ein av dei som likar å få kompliment?
Så bra! Då er du del av ei stor gruppe menneske som i det minste har noko til felles: Vi (ja, eg er og medlem i den gruppa) set pris på at folk snakkar fint om oss. Dei fleste av oss treng ein heiagjeng.

Og du er sikker einig i at det er ei av oppgåvene våre å vere heiagjeng, i dei aller fleste, om ikkje alle, rollene vi i løpet av vårt vaksne liv går inn i:

– som forelder
– som god ven og samtalepartnar
– som partnar og ektefelle
– som god kollega
– som leiar og som trenar, på alle nivå

Eller for å relatere det til det faget som er mitt fag, og som er relevant her:
– som coach
Det er vår oppgåve å løfte, framsnakke, fremje, ikkje sant?

Jantelov?

Men stopp en hal. Er det så enkelt?
Kvifor er det då så vanskeleg, ja til dels pinleg, å ta imot ros?
Kvifor er det så hardnakka mistru mot skryt, til dømes på Vestlandet? (Det klassiske dømet er den kjende påstanden om kompliment på Jæren:
Den høgaste rosen du kan vente å få som vert/kokk er: Det va etande.
Eksemplet syner at det å gi ros fell inn under reglane for løyndemål, dvs. visse ting kan berre uttalast indirekte for ikkje å bli farlege eller øydelagde.)

Den første refleksen som plar slå inn her er: Jantelova. «Du skal ikkje tru at du er noko.»

Alt tyder på at det er eit for lettvint (og for politisk korrekt) svar.
Min påstand: Vi skryt og rosar ikkje for lite. Skrytet og rosen vår har for dårleg kvalitet.
Dei som kjenner meg, veit at eg alltid må sjekke mine sanningar opp mot Star Wars for å få dei stadfesta. Og det er faktisk slik: Når skryt har for dårleg kvalitet, tippar det over til «the Dark Side of the Force».

Lie to me, tell me I’m like you,
Tell me I’m beautiful, tell me I’m cool.

Når skryt har dårleg kvalitet blir det falsk, overflatisk. Farleg blir det som forførarisk smigrande, når komplimenten blir til pleasing. Ingen ting er vanskelegare å verne seg mot enn det.
Vi har sjølvsagt ikkje alltid eit løynd formål med å gi ros, som regel gjer vi det med ein god intensjon, vi vil den andre vel. Men av og til har vi og ein eigen agenda, vi ønsker å oppnå noko med rosen vår, gjerne ein eigen fordel, t.d. å bli lika, eller i det minste å få ein kompliment tilbake.
Men la oss ha eit positivt fokus, legge til side det som ikkje funkar. La oss heller sjå på korleis vi kan gi rosen og skrytet den kvaliteten dei treng for å gjere livet til ein betre stad å vere.

 

Mulig definisjon: Kompliment = verdsetjande observasjon

Eg vil bruke coachrolla som døme, men det eg legg fram her kan like gjerne overførast til farsrolla, leiarrolla, osb.
Arbeidet til ein coach går til ein stor del ut på å bidra til å gjere tilgjengeleg ressursar som tillærte og medfødde evner, personlegdom, tru på prosjekt og tru på seg sjølv

Første prinsipp: Du må vilje den du rosar vel.

Dette er ein absolutt føresetnad. Alt anna er svart pedagogikk.

Andre prinsipp: Du må nærme deg den andre med empati.

Empati er noko anna enn sympati, noko anna enn «eg likar deg». Og det er skilnad på medfødde og tillærte evner. Det er viktig å vektlegge og hente fram dei medfødde evnene, men det er ikkje ein prestasjon å ha dei, det fortener altså ikkje ros. Tillærte evner har derimot kosta noko, og empati kan vere å få føling med kor mykje og kva det vil seie å ha kunna tileigne seg dette.

Tredje prinsipp: Du må sjå, før du snakkar

Tillat meg å fortelje ei lita privat historie og noko som hende i ei anna tid, men i same tilstand som no når eg sit og skriv dette: Eg hadde siste køyretime før oppkøyringa til sertifikat, feber og tynnslitne nervar. Bak i den oransje Citroen’en sat eigaren av trafikkskulen, truleg for å vere på den sikre sida, for ikkje å risikere å måtte blamere seg hjå Biltilsynet. På sida av meg sat sjåførlæraren min, som nok var like lei av meg som eg var av han. Empatien var m.a.o. ikkje heilt på topp, og eg var smittefarleg. Etter endeleg parkering med livet i behald framfor trafikkskulen stilte eigaren meg eit siste spørsmål: Når ein er ute og køyrer i mørket, er det då viktigast å sjå eller bli sett?
Eg var ute og køyre i nett det mørket, eller kanskje det var skodde, og svara sjølvsagt feil.

 

Tre prinsipp

Moralen er: Som coach (og som mor/far, som god ven/kollega, som leiar) må eg sjå etter, leite etter og sjå dei gode eigenskapane, prestasjonane, meistringa, alt det som vi kallar «ressursar», hjå den eg arbeider med. Til dette kan eg gjerne bruke augo, hjarta og mage, armar og føter. Eg har til og med lov til å tenke rasjonelt, til å fundere over kva det kan tyde og kva vekt det kan ha i den prosessen kunden min er inne i. Og eg kan leve meg inn i situasjonen til den andre, så godt det let seg gjere, for å kjenne etter kva det ville innebore for meg, dersom eg hadde tileigna meg same evne ut frå eit tilsvarande utgangspunkt.
Når eg har sett det, må eg verdsetje det, setje pris på det. Vite at det er godt, og kjenne kor heldig eg er som få sitje eller stå saman med ein som har tileigna seg denne evna.
Så kan eg gi ein kompliment som er ekte og oppbyggjande. Som løfter den andre, og som løfter meg.
Deretter kjem den kjensla av lykke som følgjer med det å vere coach (og far, og god ven, og god leiar).

PS

Etter ein slik vellykka prosess kan ein
kompliment – substantiv rosende bemerkning (til en person), overflødige, omsvøpsfulle talemåter, bukk eller neiing som uttrykk for høflighet. (Det Norske Akademis ordbok)
gjere coaching til eit
* komplement (økonomi) et produkt som tilfører verdi til et annet produkt, og
* Komplementsystem, som er en proteinkaskade som er en del av det medfødte immunforsvaret. (Wikipedia)

 

Tidlegare blogginnlegg:

KVEN HAR SKYLD NÅR ENDRINGSPROSESSAR IKKJE LYKKAST?

 

3 gode råd til deg som er sensibel

Kommentarer

kommentarer