FRÅ FROSK TIL PRINS – OM Å FRIGJERE POTENSIAL

Av Jan Otto Hovda - 13. oktober 2019

«Den som skal leve som ekorn må kunne sveve. Må tørre sveve. Må ville sveve. Det ekorn som ikke svever, blir ikke ekorn. Mennesket har andre gener, en mer variert programmering. Ikke alle behøver å bli Espen Bredesen. Men den som ikke vil, ikke tør, ikke kan ta sin bestemmelse, går en mørk erfaring i møte.» (Jan Erik Vold)

FRÅ FROSK TIL PRINS – OM Å FRIGJERE POTENSIAL

Dei fleste som har vore i kontakt med NevroLingvistisk Programmering og NLP-basert coaching kjenner til boktittelen «Fra frosk til prins» (Frogs into Princes) av Richard Bandler og John Grinder. Tittelen er sjølvsagt henta frå (inspirert av) det kjende folkeeventyret «Froskekongen» og har blitt ein kraftfull, eksplisitt metafor for det å frigjere ibuande potensial, altså personleg utvikling.

Alle menneske har i seg alle nødvendige ressursar. Målet med personleg utvikling: Å bli den du er.

Alle har alle nødvendige ressursar i seg

For frosken er ikkje frosk. Han lever berre som frosk, oppfører seg som frosk. Samstundes veit han at dette berre er ein ham, ein klednad som det gjeld å kome seg ut av, om så skal vere med hjelp utanfrå.

Frosken skal slengast i veggen. Frosken skal kyssast. Frosken skal dele rom, ja seng, med deg ei natt.

Det fråstøytande, ekle, må aksepterast. Det må ikkje elskast, men det må få sin plass. Først då kan prinsen stå fram som prins – til glede for seg sjølv, men ikkje minst til glede for prinsessa.

Frosken skal kyssast

For ein del år tilbake fekk eg ein frosk med gullkrone i gåve av eit kull coachstudentar som feira avslutninga på utdanninga. Denne froskekongen sit og ser på meg frå sin pidestall på skrivebordet mitt. Kva morgon møter eg blikket hans og hentar fram minnet frå avslutningsfesten på Sotra, kylling krydra med kaffe og andleta og kvaliteten til kvar og ein av dei som deltok. Deretter hentar eg opp dei glimta av innsyn som eg har fått i kor denne kvaliteten har synt seg i åra som har gått etterpå, og eg kjenner meg som både prins og prinsesse.

Coaching dreier seg om å frigjere potensial, om å gå vegen frå frosk til prins. I sitatet ovanfor kallar Jan Erik Vold det for å «ta sin bestemmelse».

Ta din bestemmelse

Du kjenner kanskje historia om han som døydde og kom til helvetet. Ved inngangen tok dei venleg i mot han og forklarte at straffa var å møte den personen han kunne ha blitt.

Eg kjenner ein del bitre menneske som har fått den straffa alt før døden. Som sit og ser attende og angrar på avgjerder dei ikkje har tatt, val som dei visste var rette, men som dei ikkje gjorde – fordi motet mangla, fordi presset utanfrå var for stort, kostnaden for høg.

«Følg hjertet!» «Vær modig!»

«Følg drømmene dine!»

Lettare sagt enn gjort. Mange som kjem med slike oppfordringar gjer det i ein situasjon kor dei ikkje risikerer nokon ting som helst. Dei har sitt på det tørre, sit gjerne på den grøne grein.

Likevel har dei rett. Du må tole klasket mot veggen.

Frosken min (vår, eg var ikkje aleine om å få han) følgjer med meg når eg dreg ut for å halde kurs eller seminar. Han har fått ein del dytt og slag, falle ned nokre gonger. Ungar har leika med han. Eit par taggar av krona manglar, bein og armar er brotne. Men han er framleis ved godt mot.

Og som me veit: Me kan hente ein gut ut or gettoen, men me kan aldri hente gettoen ut or ein gut eller mann.

Erfaringa som frosk

Brotne bein og armar kan spjelkast og gipsast. Sår kan gro, eller utvikle seg til noko vakkert. Mange helingsprosessar er mogelege. Men erfaringa som førte til brotet eller såret vil vere med vidare.

Prinsen vil aldri gi slepp på erfaringa som frosk.

Slik ser i alle fall eg det. Berre slik er det meiningsfullt for meg å snakke om lykke.

Bli den du skal vere

Derfor mi oppfordring til deg:
«Følg hjertet!» «Vær modig!» «Følg drømmene dine!»
Gå vegen frå frosk til prins. Bli den du skal vere.

 

Andre blogginnlegg av Jan Otto Hovda:

Tenke seg frisk – går det?

Kva er NLP?

DARLING, YOU WERE WONDERFUL TONIGHT – korleis gi kompliment på høgt nivå

Gjenbruksprinsippet i coaching

Kommentarer

kommentarer