GJENBRUKSPRINSIPPET I COACHING –SAMLING AV RESSURSAR OG GJENVINNING AV ERFARINGAR

Av Jan Otto Hovda - 14. august 2019

Blogginnlegg om nytteverdien til alle typar erfaringar. På kva måte kan gamle minne og opplevingar, gode som vonde, gjerast om til ressursar i ny verdiskaping?

Far var ein som ikkje kasta. Det er kanskje ikkje rett å seia at han tok vare på ting, men han skrudde dei ifrå kvarandre og fann ein plass til dei – i kjellaren, i uthus, i garasjen.

«Ein veit aldri kva ein kan bruke det til,» sa han. Og slik ga han mange utbrukte gjenstandar ny funksjon og nytt liv. Ei plastferje eg fekk på treårsdagen min vart fire år seinare ombygd til fiskereiskap, oter, og sytte i lange tider for matauk. Dørhandtaket frå ein gamal Morris fekk ringar, snurr og krokar og fiska like godt som ein svenskepilk.

Skrot

Av desse døma skjønar du kanskje at eg var mest opptatt av fisk. Eg var ikkje så nevenyttig som far, så den dagen han for, var nok det meste i kjellaren skrot for meg, ubrukeleg.

Men prinsippet har eg halde fast ved, sjølv om det eg samlar er mindre handfast: minne, erfaringar, inntrykk, bilete, sitat. «Ein veit aldri kva ein kan bruke det til.»

For andre vil dei fleste av mine erfaringar vere skrot, ubrukelege. Det er ikkje meiningsfullt å gi dei vidare til deg, med mindre dei tangerer dine erfaringar og du kan relatere dei til det som er viktig for deg.

Derfor funkar gode råd ofte så dårleg som reiskap for å løyse personlege problem.

Og her ligg etter mi meining den store styrken til coaching som tilnærming.

Som coach eller coachande leiar er ein heile tida på jakt etter ressursar.

Erfaringar som filter

Erfaringane våre er eit av dei filtra vi bruker for å orientere oss, for å forstå verda. Og vi opplever vel alle at visse erfaringar skulle vi gjerne vore forutan, ikkje sant?

Sjukdom, ulukker, andre traumatiske opplevingar, feiling, svik, angst, skuld og skam.

.

Tung bagasje, spesialavfall som ingen miljøparkar eller forbrenningsanlegg tar imot.

Gode opplevingar er sjølvsagt lettare å handtere, lettare å identifisere som ressursar. Nytteverdien ligg meir oppe i dagen. Dei kan gjenopplevast, krafta i dei stråler framleis. Du kan pusse dei og la dei skine som nye.

Men det store gjennombrotet kjem når vi finn verdien til det vonde, pinlege, meiningslause som vi har opplevd.

Askeladden-prinsippet: «Jeg fant, jeg fant

Derfor vert eit sentralt spørsmål for coachen: «På kva måte kan den erfaringa du gjorde den gongen, vere ein ressurs for deg no?»

Og: «Kva nytteverdi skal den ha for deg – og andre – i framtida?»

Eit sentralt tema i dag er: Kva kan vi lage av all plasten som ligg og flyt i havet?

Kva kan du lage av dine ikkje optimale opplevingar?

 

Andre blogginnlegg av Jan Otto Hovda:

Tenke seg frisk – går det?

Kva er NLP?

DARLING, YOU WERE WONDERFUL TONIGHT – korleis gi kompliment på høgt nivå

 

 

Kommentarer

kommentarer