Koan for en coach

Av Jan Otto Hovda - 12. juli 2015

eller Take A Walk On The Dark Side

 

Det gode liv – ein stille stad der tankar og kjensler kjem til ro? Eller ein dynamisk straum du står midt i, som strøymer gjennom deg og fyller kvar einaste celle med liv?
Er det gode liv eit skimrande slott i den blå horisonten, eit funklande lys i punktet det himmel og jord møtest, der regnbogen endar?
Eller er det gode liv rett og slett vegen du går, steg for steg, i eit stadig skiftande landskap der du ikkje veit kva som ventar bakom neste sving?
Er det gode liv i det heile mogeleg, utan at me samstundes lever rett? Og er det råd å leve rett i ei verd så full av destruktive krefter, øydeleggjande konsum, skilnader på rik og fattig, mett og svolten, krig og vald?

Eg køyrde i hel ein fugl ein morgon no i vår. Han hadde ikkje lært å flyge enno, og så møtte lagnaden han i form av ein tusen kilo tung metallkoloss.
Kanskje trudde fugleungen at det var Gud som styrde lagnaden?
Det var eg, ein miskunnlaus gud som reagerte for seint til å få bilen unna.
Eg drog vidare med sorg og skam i hjarta, tykte synd i fuglen og tenkte stygt om meg sjølv.

I går kveld kom eg for seint ut i ein framand by. Utvalet var mildt sagt skrint, men eg gjekk for ein kyllingkebab på ei sjappe som framleis var open.
Ikkje akkurat den gode smak – ikkje akkurat det gode liv. I alle fall ikkje for kyllingen. Den gjekk truleg gjennom verda, gjennom livet utan å bli gjenstand for mykje «oppmerksomt nærvær». Sjølv i siste fase av lagnaden, idet transformasjonen sletta ut for godt tilværet som kylling, var den utan særpreg, ein identitetslaus masse som gjekk ut or verda gjennom min munn.
Det gjekk ikkje særleg inn på meg. Eller, jo forresten. Det gjekk inn på meg. Det går inn på meg. Det er ein mørk tanke som sit langt inne, ei skrikande skarp røyst i mitt bryst som berre kan haldast i sjakk med tunge sedativ: «Korleis kan du! At du ikkje skjemst!»

Korleis kan eg tale om verdiar og om å følgje hjarta, når hjarta i så mange situasjonar er kaldt som stein, og når verdiane er så «bestikkelige» at ei handfull dollar er nok?
Walk the talk? For no’ tull – eg går ikkje, eg køyrer bil og båt og fly. Det gode liv har kollateralskader.

aalreit_013

Me har berre til ein viss grad styring på og kontroll over livet vårt. Konteksten me blir fødde inn i og veks opp i, er gjeven på førehand. Mange av dei filtersystema, brillene me brukar for å sjå og forstå verda rundt oss, følgjer med på kjøpet. Noko kan me modifisere eller skifte ut, andre gjeld det å leve med. Slik er det berre. Er du fødd i den rike delen av verda, så vil det vere erfaringar du er avskoren frå, perspektiv du aldri vil dela.
Den ukontrollerbare delen av livet har ei passiv og ei aktiv side.
Me er stadig utsette for lagnaden sine overraskingar, livet sine bakhaldsangrep, men og for uventa gleder, vakre og gode augeblikk som plutseleg glimtar til og tek pusten frå oss: eit nytt landskap, eit nytt møte, forelsking, kjærleik. For å møte «bakhaldsangrepa» på den passive sida treng me, og har me, ei rekke eigenskapar: kraft, mot, tolmod, humor, galgenhumor, sinnsro. Me må væra uthaldande, tole å stå i det, motstandsdyktige og i stand til å takle motgang. Ein del av dette er evner og eigenskapar me har i oss og med oss, i vekslande grad, og i varierande grad tilgjengelege. I tillegg er det noko me kan tileigne oss, lære: i form av verkty og teknikkar, i form av haldning, indre kommunikasjon og støttande tankemønster.
For å møte dei vakre overraskingane på den passive sida treng me òg visse evner og eigenskapar: evne til å oppfatte og gripe noet, evne til å gle seg (over små ting), evne til å ta i mot og gje i like monn. Gjerne òg det som kallast «mindfulness». Me må vere mjuke og oppmerksame, opne og vare.
Mi erfaring som coach er at dei fleste av oss er flinkare til å mobilisere styrke og galgenhumor for å halde ut det som er vondt, enn til å opne oss og vere klar til å ta imot og ta vare på dei gode augeblikka.

Men dei største utfordringane ligg kanskje likevel på den aktive sida. For meg ligg dei i alle fall der. Korleis skal eg klare å leve med mine destruktive gjerningar? Og då meiner eg ikkje dei gongene eg er vond, når eg let sinnet bere av med meg, når eg slepp laus den vesle djevelen i meg og gjer andre vondt, når eg fyllest av hat og aggresjon mot andre.
Nei, eg meiner den daglege «banale» destruktiviteten, den utan store emosjonar, utan vondarta tankar. Den som rammar blindt og upersonleg.
Kort sagt: Kva relasjon skal eg ha til dei som ber kostnadene for mitt «gode liv»?
Eg kan konstruere mange rasjonelle argumentasjonar som syner at dette er uproblematisk, at eg er utan ansvar, eller i alle fall utan skuld. Men den skingrande røysta inne i brystet mitt får då endå høgare frekvens og vert heilt gul på farge:

«Du lyg! Du lyg!»

Spørsmålet er altså:
Korleis kan eg leve godt, utan å gjere meg dummare enn eg er?

Det er mitt koan. Truleg vil det vere livsoppgåva mi å finne ut av det.
Du har kanskje tenkt og levd betre gjennom dette enn meg? Eg er nysgjerrig på dei svara du har funne. Eller kanskje lyder ditt koan annleis? Det kan godt vere.

Kommentarer

kommentarer