KVA ER NLP?

Av Jan Otto Hovda - 6. januar 2019

Kva er NLP? – det fantastiske spørsmålet du kanskje aldri har stilt og no vil få svar på

Dersom du aldri har stilt spørsmålet eller lurt på «Kva er NLP?», kan du ta det heilt med ro. Det er ikkje noko galt med deg, og du er ikkje aleine om det.

Då vi etablerte vårt coaching- og kompetansesenter her for snart 17 år sidan, var det nok ein del som tenkte at det måtte dreie seg om ei sekt. Og då vart det kanskje litt skummelt å stille eit slikt spørsmål.

Sjølv om du kanskje ikkje tykkjer at dette er eit spesielt fantastisk spørsmål, og sjølv om du kanskje ikkje ein gong spør, kan eg likevel tilby eit svar. NLP kan mellom anna vere:

Verktøykasse

Verktøykasse for alle som ønsker å kommunisere betre (med seg sjølv og med andre), som ønsker å vere i ein kontinuerleg læringsprosess, oppdage livet og verda stadig på nytt.

Hjelpemiddel

Eit hjelpemiddel for alle som vil bli meir kjend med seg sjølv, sine reaksjonar og handle-/tenkemønster.

Skattekiste

Ei skattekiste for alle som set pris på å ha alternativ, på å kunne velje sjølv og sjølv vere ansvarleg (og ha æra) for resultatet.

Kanskje er vi våre synapsar. Alt i mors liv badar vi i sanseinntrykk. Nervecellene våre er frå første stund utsette for ytre påverknad. Etter kvart koplast det vi høyrer, kjenner (seinare kanskje: smakar, luktar, ser) med det vi kan kalle vår rasjonalitet. Vi set ord og tankar på det, og vi får tyding, tolking, forståing – det vi kan kalle vår modell av verda, eller røynda, om du vil. Våre mønster. Våre program – på godt og vondt.

Vår oppleving vert transformert til kjemisk/elektriske prosessar i hjernen vår, og denne erfaringa inngår i og skaper vårt system.

Og vårt system er i stadig endring, fordi vi stadig gjer nye erfaringar. Det er det som er det fantastiske ved å leve – vi endrar oss heile tida.

 

Til det treng vi sjølvsagt ikkje NLP. Det får vi gratis. Men NLP kan bidra når vi skal setje ord på, tolke og tyde, erfaringar og formulere ønska endring.

Eksempel

Eit enkelt døme: To elevar på VG3, same klasse, same lærar.

Den eine seier: «Så uheldig kan ein vere. Læraren er ein drittsekk og utan pedagogisk innsikt. Eg kan ikkje lære når eg vert behandla så dårleg.»

Den andre seier: «Så uheldig kan ein vere. Læraren er ein drittsekk og utan pedagogisk innsikt. Når han behandlar meg så dårleg, må eg ta hemn ved å lære spesielt bra.»

Eit tredje alternativ kunne vere: «No har eg vore heldig! Læraren er ein drittsekk og utan pedagogisk innsikt. No har eg endeleg høve til å vise kva som bur i meg!»

Men det er kanskje å ta det litt for langt?

Du kjenner kanskje fotballspelaren som sa: «Eg spelar best når publikum hatar meg. Jo meir dei pip meg ut, desto betre vert eg.»

Eg trur at for min eigen del er det bra å ha slike val. I dette eksemplet er det jo lett å vite kva alternativ som er best – det er dessverre ikkje alltid slik. Mykje kan gå galt, og vi har ingen garanti. Likevel er det, etter mi subjektive meining, betre å ha eit val enn ikkje å ha eit val. Sjølv om det naturlegvis er enklare ikkje å ha eit val.

Dersom eg må, så må eg.

Dersom er kan, så vil eg, fordi eg kan.

Dersom eg vil, så kan eg.

Livskvalitet og lykke

NLP dreier seg i stor grad om å gjere seg sjølv i stand til å velje: korleis eg formulerer meg (verbalt og med kroppsspråk), korleis eg responderer på dei situasjonane og menneska eg møter, og korleis eg tolkar og legg meining på det som skjer og har skjedd.

Dette er NLP for meg. Og når eg legg på eit nyfikent blikk, hender det av og til at det oppstår ei kjensle av lykke. Som jo også er eit val, ikkje sant?

 

Flere blogginnlegg av Jan Otto Hovda:

Kven har skyld når endringsprosessar ikkje lykkast?

3 gode råd til deg som er sensibel

Ein god latter forlengar livet

 

Vår utdanning i NLP og coaching starter opp 22. februar i Bergen, 1. mars i Haugesund:

NLP Practitioner

 

Utdanningen er godkjent av Den Norske CoachForening. NLP sertifisering: ABNLP, DVNLP

 

 

Kommentarer

Kommentarfeltet er stengt mellom kl 23:00 og 07:00.