Nyttårsforsett – Gi litt mer F

Av Jan Otto Hovda - 10. januar 2019

Korleis er det med dine nyttårsforsett? Har du òg tenkt å «gi litt mer F» i år? Det har eg. Her får du vite kvifor og korleis. 

 

Det er vel seint å kome med nyttårsforsett no, eg er klar over det. No er vi inne i den perioden der nyttårsforsetta går i oppløysing, ikkje sant? Ballongen sprekk kanskje ikkje, men lufta sig sakte ut or han. Du kan høyre den vislande lyden av unnvikande luft alle stader.

Hos meg er det også slik – eg må vedgå det. Ti på tolv på nyttårsaftan lova eg at i det nye året skal eg vere mindre ironisk, eg skal slutte å harselere med folk, slutte å le av alvorlege ting, slutte å spele klovn, slutte å bruke klisjear og utbrukte metaforar og masse andre velmeinte, men urealistiske forsett som no alle kan sjå forsvinne som dogg for sola.

Aldri meir klovn!

Med eitt unntak: Eg skal vere mindre arrogant og meir tilgjengeleg for tilbakemeldingar og gode råd. Eg skal lytte meir til dei som vil meg vel og investerer mykje i å mate meg med visdomsord og gode levereglar. Det er slett ikkje sikkert at eg klarer å leve opp til alle slike. Til dømes vil eg truleg slite med: «Gjør det som er rett, også når du er alene og ingen ser deg. Det kalles integritet.»

Til dei som gir meg dette rådet, kan eg berre svare: «Eg er veldig lei for det. Så sterk er eg nok ikkje. Men ikkje ta det personleg. Som rollemodell er du sikkert perfekt, du er ikkje ansvarleg om eg ikkje lukkast.»

Om å ete ein elefant

Elefanten må etast bit for bit. Spørsmålet blir derfor også om eg skal ta den beste biten først, medan eg framleis er svolten og har matlyst. Eller om eg skal spare den til dessert og ta risikoen på ikkje å orke meir.

I alle fall vil eg starte med den vise appellen «Gi litt mer F».

Eg veit at den stammar frå Per Fugelli, men skal ikkje nemne kven som ga den til meg, berre sei at eg er svært takksam. Det var ei av dei største gåvene i fjor.

Eg vil følge dette rådet konsekvent.

Heretter skal eg vere feit, full og sexy (kanskje i motsett eller ei anna rekkefølge; trur eg stiller inn «Random» her).

Eg skal drikke alkohol når barn er til stades, og køyre bil sjølv om eg er på ein snurr.

Eg skal klappe damer på baken og sende dei bilete av kjønnsorgan (men kanskje ikkje av mitt eige, like godt å ta godt i når ein først er i gang).

Just do it!

Leve ut mine skuggesider, forsove meg om morgonen, banke bikkja. Just do it, som Ronaldo. No second thoughts! Bli litt meir Trump, rett og slett.

Som coach og dagleg leiar for eit coaching- og kompetansesenter, skal eg gi F i bransjestandard og etiske reglar, baktale kollegaer og konkurrentar, bruke dirty tricks for å tilrive meg kundar og marknad, eg skal stele og lyge, mæle mi eiga kake, stå fram som tilhengar av Ayn Rand, berre hjelpe andre når eg sjølv har nytte av det.

Gir ein F, så gir ein F – ikkje sant?

Ikke bry seg om hva de andre mener om meg.

For det var slik det var tenkt, var det ikkje? Sleppe kontrollen, slutte med tvil og ønske om perfeksjonisme, vere god nok med alle sine svake og sterke sider?

Eller er det heller snakk om å «gi kontrollert F»?

I boka «Seksualitetens historie» tematiserer den franske idehistorikaren Michel Foucault m.a. nakenkulturen, tendensen til å syne fram stadig meir hud, som har utvikla seg (særleg i vår del av verda) dei siste 50-60 åra. Ifølge Foucault er dette det motsette av seksuell frigjering. Når du går topplaus på ei strand i Syden, er du ikkje friare, du gir ikkje slepp på kontroll. Tvert om skrur du kontrollskruen ei omdreiing strammare: Sjå kor stor kontroll eg har over min eigen kropp, eg tør å gå topplaus på stranda!

Om det naturlege

Naturistar er ikkje naturlege, dei har full kontroll.

Når eg har kontroll, er eg ikke fri.

Når eg har kontroll, gir eg ikkje F.

No har eg visst prata meg inn i noko eg ikkje finn vegen ut av igjen. Kanskje dette ikkje var det beste forsettet, trass alt?

Eit løfte er eit løfte. Og no står eg overfor eit paradoks: Skal eg gi F og bryte løftet? Eller skal eg halde løftet og gi F?

Kanskje du kan hjelpe meg i dette?

 

Fleire blogginnlegg av Jan Otto Hovda:

Kven har skyld når endringsprosessar ikkje lykkast?

3 gode råd til deg som er sensibel

Ein god latter forlengar livet

 

Vår utdanning i NLP og coaching starter opp 22. februar i Bergen, 1. mars i Haugesund:

NLP Practitioner

 

Utdanningen er godkjent av Den Norske CoachForening. NLP sertifisering: ABNLP, DVNLP

 

 

 

 

Kommentarer

kommentarer