Parkometer – Når gode råd er dyre, eller Godt Nytt År

Av Jan Otto Hovda - 1. januar 2017

«Don’t follow leaders, watch parking meters»

Det var ikkje på nyttårsafta at dette mottoet slo inn hos meg, det var rett før påske for 41 år sidan. Staden var andre etasje på Haugesund gymnas. Eg hadde siste benk på vindusrekka, bøygde meg raskt fram og noterte setninga på innsida av permen i gloseboka. Etter det har eg hatt den med meg over alt.
Ved kateteret sto ein engelsklærar som hadde parkert undervisninga si tjue år tidlegare. Antihelten i historia.

Eg visste sjølvsagt straks at det var han det gjaldt. Han, og alt det han representerte. Spindelveven. Fossilane.

Mottoet var undergravande, subversivt, subterranian. Det synte veg ut av den forklemte småbyen sin sump, ut av tradisjonen, ut av sirupen, ut av det fastgrodde mønsteret.
Ingen skulle få fortelje meg kor min veg skulle gå.
Ei natt på ein stad, aldri meir.
Ei rose mellom tennene, eit pulserande hjarta.

Ungdommeleg patos? Utvilsamt. Mykje vatn har runne i havet sidan den gongen.

Parkometer har stort sett blitt soneparkering.

Parkometer har stort sett blitt soneparkering. Og i individualiteten sitt teikn har me alle blitt meir og meir like kvarandre.

Likevel var det eit opplyst augeblikk som prega seg inn i meg. Eller som De musikalske dvergene sier om Tomgodsets dronning: Du satte ditt merke på meg. (Eit sitat som sikkert høver godt 1. januar)

Ikkje minst planta det ei mistru mot persondyrking og heltedyrking, ein mistanke mot karisma, mot det store, kvite smilet og mot dei velformulerte orda.
Først mange år seinare oppdage eg den dobbeltbindinga som ligg i dette mottoet. Den er like utspekulert som kommandoen: «Ikkje gjer det du får beskjed om!»

Kva gjer du når den negative dialektikken sjølv blir eit parkometer? Når du har parkert livet ditt i ein sone av ironi og skepsis til alt og alle? Når det einaste du har å varme deg på er din eigen kjølige avstand?
Då har du hamna på skuggesida, på «the dark side of the force».

På eit punkt i livet stod det klårt for meg: Der vil ikkje eg vere.
Det kan godt hende at det var ein av impulsane som sette meg i rørsle mot coaching som fag og som tilnærming.

Det kraftfulle spørsmålet som nøkkel til låste dører. Eit ope, undrande spørsmål, som lekk i – og brot med – tradisjonen frå Sokrates og det ironiske spørsmålet.

For meg vart coaching eit steg inn i «den rådgivningsfrie sonen», som ein kollega, Jan Georg Kristiansen, formulerte det rundt 2006.
OK, her må ein medgi at «rådgivningsfri» har rådgivning med, akkurat slik som «røykefri» framleis har røyken med. Nissen på lasset, på eit vis. Men verda er ikkje perfekt. Dette kan me leve med.

For meg vart NLP og coaching til ein metode til å oppnå innsikt om seg sjølv, om sine verdiar, om kva som er meiningsfulle mål og korleis ein kan nå dei – utan fasit, utan ekstern ekspert som sit inne med svara, utan dogmer og utan spesialisten sitt overstandpunkt.

Fyrtårnet

Fyrtårnet som metafor for coaching: Eit fyrtårn syner deg ikkje vegen du skal ta. Eit fyrtårn er eit orienteringspunkt. Ved å forhalde deg til blinka, får du kunnskap om kor du er, men du har din eigen kurs.

Korleis kan då coaching og coachar hamne i sekken som Dagsavisen kallar «forbedringsindustrien»?
Er det journalistane som har misforstått noko her?
Er coachingbransjen for lite dyktig til å kommunisere kva den står for? Har vi same problem som parti og politikarar?
Eller er det heller slik at vi sjølv for ofte går i overstandpunkt-fella?
(Legg merke til rekka av lukka spørsmål – sic!)
Ikkje sant?: «Jeg kan motstå alt, untatt fristelser.»

Kanskje er freistnaden for stor for oss coachar, freistnaden om å bli eksperten på andre sitt liv, freistnaden om å gi 10 gode råd om korleis du vil oppnå suksess, korleis du vil bli den beste utgåva av deg sjølv, korleis du vil meistre motgang, osb.?
I alle fall har eg som nyttårsforsett for 2017: I år skal eg byrje eit nytt og betre liv. Eg skal ta coachrolla mi på alvor. Legge att mine agendaer heime. Stole på krafta i eigne ressursar og eigarskap til eigne løysingar.

3 gode råd

Dermed har eg berre 3 gode råd til deg for det nye året:
For å få greie på ditt eige liv
1. gjer det som er rett
2. ikkje gjer det som er galt
3. følg aldri gode råd

Kommentarer

kommentarer