SJØLVCOACHING – SMAKEN AV SKYER OG SOMMARFUGLLATTER

Av Jan Otto Hovda - 31. august 2019

Har du nokon gong lurt på kva sjølvcoaching har å gjere med skyer og sommarfuglar? Truleg har du ikkje det. Men i dette vesle blogginnlegget vil eg røpe det likevel.

No er nedfallsfrukta under plommetrea full av vakre neslesommarfuglar. Eg trur gjæringa er i gang, for eg tykkjer eg høyrer korleis dei ler og kosar seg i ein aller siste rus.

Kysset

Smaken av modne plommer får meg alltid til å tenke på den vesle kvite skya hjå Bertold Brecht: «og ikke kysset heller var blitt husket, om ikke skyen hadde vært så hvit. Men en ting vet jeg, og jeg vet for alltid: den kom fra himmelen og svevde hit.»

Og så må eg tenkje litt på han som opphaveleg heitte Friedrich Leopold von Hardenberg, og som seinare endra namn til Novalis og vart ein av den tyske romantikkens store lyrikarar, etter at ho han elska døydde, 15 år gamal. Om han heiter det at «han var innadvendt, med store drømmer, og at faren trodde han var noe tilbakestående». Eg har vel ikkje så mykje til felles med han, tenderer vel meir mot det sentimentale enn mot det romantiske (om eg skal vere oppriktig).

Fisken i draumen

Ok, eg er nokså «innadvent», i alle fall introvert. Men store draumar? Ja, i ungdomen drøymde eg nok om fisk, om den store auren. Og elles om å vere fri til å leve inn i dagen og vere i tida. Kanskje det er det same?
Dersom far heldt meg for tilbakeståande, var han for høfleg og for venleg; han let meg aldri vite det.

Sommarfuglar

Når derimot Novalis seier noko slikt som: «Den som har høyrt sommarfuglar le, og som veit korleis skyer smakar, kan trygt vandre i måneskin og utforske natta utan frykt», så veit eg at her kan me møtast. Denne romantiske tanken, metaforen, kan gi oss mot til å utforske grå og mørke sider av vårt tilvære.
Dette er eit bilete. Kva er så mørke konkret? Kva er det som krev sjølvcoaching, som må eller kan utforskast?

Arbeid med skuggar

Det er sjølvsagt individuelt. Eg har mine tema, du har dine. Det finst mange slags skuggar. Ein av mine rollemodellar, NLP-trenar og coach Tom Andreas, har synt meg fem som det kan løne seg å gå inn i og vere nysgjerrig på. Eit par av dei fem skuggane har problemfokus, andre er meir av den kreative typen, spør etter det potensialet du framleis ikkje har oppdaga.

Sjølvcoaching

Dette er eit verktøy eg aldri går lei av eller blir ferdig med. Overraskingane er mange og store. Og livet vert rikare.

Mange trur at det hjelper å sitje i lyset, eller ha med seg sterk lykt, når ein er mørkredd. Eg for min del trur at då vert skuggane endå djupare og meir ugjennomtrengelege.
Derfor vil eg når eg skal utvikle meg sjølv, når eg skal «heale» meg sjølv, heller lytte til sommarfuglar som ler – og smake på skyene. Det siste er ikkje spesielt vanskeleg der eg bur.

 

Andre blogginnlegg av Jan Otto Hovda:

Tenke seg frisk – går det?

Kva er NLP?

DARLING, YOU WERE WONDERFUL TONIGHT – korleis gi kompliment på høgt nivå

Gjenbruksprinsippet i coaching

Tom Andreas

 

Kommentarer

kommentarer