Å takle vanskelige mennesker – Systemisk NLP og Trump

Av Jan Otto Hovda - 8. februar 2017

Er det vår oppgåve å vere superhelt og redde verda? Sjølvsagt, kven skal elles gjere det? Verda er faktisk eit av dei systema du er ein del av. Ved hjelp av systemisk NLP kan òg du bli superhelt. Her er eit framlegg til korleis du kan få det til.

 

La oss gå ut frå, og det kan vere vanskeleg nok, at me er vaksne menneske som veit at ein person ikkje er årsaken til eit problem, men i høgda symptombærar, dvs. personen som gjer problemet synleg.
Dette er vanleg NLP-tilnærming til «vanskelige mennesker», vanskelege sjefar, medarbeidarar, osb.
Med ei slik ramme for forståing vil den noverande amerikanske presidenten for mange vere ein tydeleg symptombærar, ein som gjer tydeleg at her er det noko som er galt.

Systemisk NLP som tilnærming

Kva er galt i systemet?
Neste refleksjon vert då: Så bra at det no er synleg! Takk, Trump, for at du gjorde dette klårt for oss! Føresetnaden for å kunne ta grep er å realisere at noko ikkje stemmer.
Ordet «symptom» brukar me til vanleg når me talar om medisin og helse. Overført til ein annan kontekst, i dette tilfellet politisk kontekst, utgjer det noko me upresist kan kalle ein metafor, dvs. at me tek i bruk poetisk språk for å skape ny innsikt.
Frå medisin og helse veit me at me skal vere glade for symptomet. Ingenting er verre enn ein sjukdom som snik seg innpå oss, inn i oss og ikkje syner seg før det er for seint.

The symptom is the solution

Symptomet har som intensjon å varsle om naudsynt endring.
Dersom me bruker denne poetiske analogien på dagens politiske og samfunnsmessige situasjon: Kva er den positive intensjonen som kjem fram ved Trump sin måte å føre valkamp og no regjere på?
Og no kjem oppgåva:
Set opp ei liste. Du kan gjerne starte slik:
«Situasjonen med USA sin nye president gjer tydeleg at følgjande endringar er naudsynte i verda:
1.
2.
3. osb.

Deretter kan du ta lista med deg og avtale ei arbeidsgruppe med dine vener, der de tek for dykk punkt for punkt i lista og først analyserer kva for verdiar som ligg til grunn for kvart punkt. Utarbeid så framlegg til korleis desse verdiane kan realiserast.

Gruppearbeid

Her gjeld det å skilje mellom
1. det som fell innanfor det feltet du har direkte grep om og innverknad på
2. det som ligg utanfor din direkte påverknad, dvs. som tilhøyrer system som du ikkje har ein sentral plass i

Tiltaka under punkt 1 vil då munne ut i konkrete endringar (atferdsnivå).
Tiltaka under punkt 2 vil kan hende ha meir kommunikativ karakter og dreie seg om signal som kan sendast til dei som sit meir sentralt i systema.
Det er mogeleg at 1 møte i denne arbeidsgruppa ikkje vil vere nok, så du bør kanskje vurdere kor viktig dette er for deg, og om du er villig til å investere tid og energi.
Kanskje er det ikkje så farleg korleis det går med Trump og verda?
Kanskje er det nok å bli opprørd over det du ser og høyrer? Av og til er den kjensla betre enn å vere full, ikkje sant?

Commitment

Når arbeidsgruppa har konkludert, er det berre å setje i gang. Kven er god til kva? Kven tek ansvar for kva? Commitment og lagånd. Pluss, kanskje, ein fin logo.
Lykke til!

 

For dei som ikkje er godt kjent med systemisk NLP: Du kan lære masse om dette på våre utdanninger. Gå inn på våre utdanningssider.

Kommentarer

kommentarer