Tenke seg frisk – går det?

Av Jan Otto Hovda - 1. februar 2019

Tenke seg frisk – går det?

Trur du at det er råd å tenke seg frisk?

Det går an å skrive seg frisk. Mot slutten av eit tv-intervju med Kari Borg Mannsåker for ein mannsalder sidan fortalde den engelske forfattaren Anthony Burgess om korleis han vart forfattar. Etter eit samanbrot vart Burgess sendt attende til England frå Malaysia. Han var 39 år gamal og fekk diagnosen inoperabel hjernesvulst. Legane gav han eitt år å leve. Dermed fekk Anthony Burgess dårleg tid, lite tid til å leve, og lite tid til å sørge for eit økonomisk trygt liv for kone og barn etter sin død.

Å skrive seg frisk: Anthony Burgess

Han valde å bli forfattar, hadde mykje på hjarta og skreiv for livet. Då året var omme, kunne Anthony Burgess overraska konstatere at han framleis var i live. Det var han også under intervjuet på NRK, 30 år seinare.

Med jamne mellomrom går det ein heftig debatt i media om tilnærming til og behandling av ME. Nyleg var det Lightning Process som var i «stormens øye», denne gongen er det kognitiv terapi, representert ved psykiater Bjarte Stubhaug.

Når løysinga vert problemet

Som passiv deltakar i debatten sit eg med ei oppleving av at mange med ME-diagnose føler seg pressa til å bli friske, og at dei føler å få tilskrive skuld dersom det ikkje lukkast, etter mønsteret: Dersom terapien ikkje verkar, har du ikkje prøvd hardt nok, eller du har ikkje hatt rette trua. Det kan sjå ut til at for mange fortonar det som skal vere løysinga seg som problemet.

Det lukka spørsmålet «Kan ein tenke seg frisk?» dukkar stadig opp og forlangar eit ja eller nei.

Oppgåva til ein coach

Men ikkje av meg. Som coach er det ikkje mi oppgåve å svare på dette. Mitt arbeid er ikkje å tilby tenester som skal gjere sjuke menneske friske. Mi oppgåve er heller å tilby metodar og prosessar for å meistre, finne verdi, meining og motivasjon, dyrke fram det som fungerer, gjere tilgjengeleg ressursar og potensial for å utvikle seg vidare, blomstre og nå eigne, verdifulle mål.

 

Coaching vender seg altså mot det friske. I tilfelle sjukdom plasserer coaching seg komplementært til det som har status som «behandling av sjukdomen». Dette gjeld både kroppsleg og psykisk liding.

Det optimistiske standpunktet:

Så lenge sjukdommen ikkje er heile mennesket, vil det vere noko som er friskt og som kan tiltalast som friskt.

Det friske

Ofte er dette veldig enkelt. Når eg har bronkitt, er det framleis store deler av meg som funkar normalt. Eg kan vere til stades i livet, gjere mine erfaringar, lære nye ting eller late vere å lære nye ting, lese ei bok eller sjå på tv.

Truleg vil ingen bli kritisert for å tilby mental trening til ein som lid av bronkitt. Dei fleste er vel samde om at det er råd å vidareutvikle seg, å bli ein betre leiar, betre medarbeidar, betre forelder, betre elev, sjølv om ein har bronkitt. Kanskje til og med dersom sjukdommen er kronisk og alvorleg?

Coaching hjelper sjølvsagt ikkje mot bronkitt. Men ein coachingprosess kan bidra til auka kvalitet i livet og yrkeslivet til ein som har bronkitt. Auka kvalitet kan gi betra emosjonelle tilstandar og eit meir meiningsfullt liv – det vi med eit anna ord kan kalla «lykke» – som igjen, dersom vi også har lykka med oss, kan bidra til eit sterkare immunforsvar, gjere oss mindre sårbare overfor m.a. lungesjukdommar.

Mykje av usemja om tilnærming til ME i dei seinare år har sirkla rundt kva som er årsak til sjukdommen, om det dreier seg om psykisk sjukdom, og om kva katalog eller kriterium som skal leggjast til grunn for diagnosen.
Som coach slepp eg heldigvis ta stilling til Canada-definisjonen, eg slepp å skilje mellom kronisk utmattingssyndrom, Chronic Fatigue Syndrome (CFS) og myalgisk encefalopati (ME).

Kor frisk må ein vere?

Mange kjem til meg for å lære å meistre, for å bli medvitne om sine ressursar og verdiar, for å gjere erfaringa: eg kan ta grep, eg kan blomstre.
Ingen kjem til meg for å bli friske, i alle fall ikkje etter første førehandssamtale.
For meg er spørsmålet dermed ikkje «kan ein tenke seg frisk?».
For meg lyder spørsmålet snarare: «Kor frisk må ein vere for at coaching skal vere ansvarleg?»

Når kan eg som coach gå ut frå at kunden min kan ta ansvar for eigne grep, for eiga utvikling, for å setje grenser og ta vare på seg sjølv?
Det kan vere utfordring stor nok det. Kven er vel i stand til å ta vare på seg sjølv?

Diagnosen

Anthony Burgess var i stand til det etter å ha fått kreftdiagnose. Han skreiv seg frisk. Eller gjorde han det? Kanskje det var feildiagnose. Han hadde kanskje slett ikkje hjernesvulst, legane kan ha tatt feil.
Det er ikkje godt å seie korleis det hadde gått, dersom Burgess ikkje hadde starta skrivinga. Han ville kanskje ha levd like lenge.
Men det hadde vore eit stort tap for oss som er glad i gode anekdotar og i bøker.

 

Fleire blogginnlegg av Jan Otto Hovda:

Kven har skyld når endringsprosessar ikkje lykkast?

3 gode råd til deg som er sensibel

Ein god latter forlengar livet

Kva er NLP?

Gi litt mer F

Vår utdanning i NLP og coaching starter opp 22. februar i Bergen, 1. mars i Haugesund:

NLP Practitioner

 

Utdanningen er godkjent av Den Norske CoachForening. NLP sertifisering: ABNLP, DVNLP

 

 

Kommentarer

Kommentarfeltet er stengt mellom kl 23:00 og 07:00.