Tid for å hauste inn – verdicoaching

Av Jan Otto Hovda - 9. oktober 2015

eller om vevkjerringar, plommene i Hardanger og andre tiltrekkjande/fråstøytande ting

Er den forbi no, den klåre haustdagen då du kjem ut og kjenner vind frå aust stryke deg om kinna? Restar av rim etter første frostnatta ligg att i skuggane. Lufta er full av usynleg spindelvev som du merkar ved at det legg seg over augebryna dine når du går, og enkelte stader heng vevkjerringane sine kunstverk og perlar i dogg mot den skarpe, låge sola.

altweibersommer

Då er det blitt seint på året, oktober kanskje. Gylne oktober, fargerike oktober, regntunge oktober.
Under frukttrea ligg eple og plommer som ikkje vart plukka i tide. No har fuglane vore på dei, og brune flekkar breier seg ut. Dei fall til jorda, fekk ikkje den lagnaden dei kunne ha fått dersom eigaren hadde vore obs og hatt betre timing.
Frukt smakar godt, men her er så altfor mykje. Frukt held seg dårleg. Og når ein konserverer, vert det fort for søtt.

Uplukka plommer og spindelvev – to ting som høyrer saman, på denne tida av året.

To andre ting som høyrer saman, og som vert meir og meit påtakelege jo lenger ut i livet ein kjem:
Verdiane våre og den veven av rasjonaliserande strategiar som me dekkjer dei til med, når dei har falle ned og ligg der og rotnar for seg sjølv.

Du skjøner sikkert at eg no gjer som hausten og talar i bilete.

Dei fleste som talar om verdiar gjer nett det.
Verdiane er ledestjernene våre, seier dei. Dei er drivarane våre, dei som løfter oss opp og fram, eller som riv oss ned og sender oss til botnars. Verdiane er anker og varmluftballong samstundes, det me brenn for og det som skaper fellesskap med andre. Dei gir oss motivasjon, og dei paralyserer oss.

Me har medvitne verdiar, dei som ligg oppe i dagen, som me er reflekterte om, som me kan velje og velje bort. Det er dei lysande stjernene på himmelen vår. Det er ikkje alltid like lett å styre etter dei. Skydekke, eller smog, kan gjere dei utydelege eller usynlege, av og til i så lange periodar at me gløymer ut at dei er der. Dei medvitne verdiane er toppen av isfjellet. Den vesle spissen som stikk over vatnet.

Dei umedvitne verdiane våre derimot er alt det som gir tyngde og stabilitet under overflata, den trege massen som gjer at me driv støtt i straumen, men heller ikkje stoggar brått når me først er i rørsle. Dei er meir som svarte hol i verdsrommet. Før eller seinare vil dei sluke oss og hylle oss i mørke – det går an å sjå svart på det.

Me har heilage verdiar, ting me ikkje inngår kompromiss om.

Me har bestikkelige verdiar (heldigvis berre på bokmål), dei er det bra å kvitta seg med når prisen er høg nok.

Snill pike-syndrom er eit sett av verdiar som for mange utgjer ein mental tilstand.

Jantelova er eit sett av verdiar som dannar rigide køyrereglar med tilsvarande sanksjonar.

Respekt, menneskeverd, vennskap. Og aller størst er kjærleiken. Og pengar.

blåkval

For min eigen del: vensemd, det å ta vennleg imot andre menneske, seg sjølv, livet og lagnaden.

Verdiar syner seg idet dei vert til handling. Og det er ingen ting som får meg til å føle meg betre, enn når eg handlar etter denne verdien.
Welcome, på alle plan av livet, langs alle livet sine grenser.

Problemet med verdiar er at det som regel blir galt å tvihalde på dei, og like galt å relativere dei, dvs. å ha ei haldning som tilseier at alle verdiar er like gode/like dårlege.
Det første fører til konfliktar. Over alt der det brenn på jorda, i går, i dag, i morgon, har verdiar vore, er og vil verdiar vere tennmiddel. Materielle verdiar som gull, diamantar, olje, vatn. Religiøse og ideologiske verdiar. Kulturelle verdiar.
Me kjenner alle songen: «Kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder ..». Her er det snakk om kva som er rett når ein går «veier Gud tør kjenne». Då kan ein alltid vere freidig. Men gjeld det for oss? Kven gjeld det ikkje for?
Det andre fører til likesæle og til nihilisme: Når Gud er død, er alt lov.
Når eg kjenner meg verdilaus, er eg kanskje på veg inn i ein djup depresjon. Eit liv utan verdi, er eit liv utan meining. Når meininga manglar må eg kompensere: t.d. med rus, med sex, med støy, med flukt (med fotball).

verdi

På den anna side er det av og til ei lette når verdiar har rive seg laus og segla sin eigen sjø. Mange ting i livet mitt gav meg ei sterk meining – i si tid, for lenge sidan. Men verda har gått vidare. Dreggen eg kasta ut, ligg no i ei røys, på tørt land, utan hav, utan båt. Det ville vere latterleg å halde fast ved det eg var overtydd om den gongen. Like godt å kle det inn i spindelvev og la gløymsla ta hand om det. Ikkje sant?
Ikkje sant lenger?

Verdicoaching som prosess

Coaching arbeider med endrings- og læringsprosessar. Ei form for endring skjer heile tida og spør ikkje om vårt verdisyn: Haust følgjer etter sommar, vinter etter haust. Liv oppstår og går til grunne, går over i nye former, vatn frys til is, snø smeltar. Eller, på eit mindre biologisk plan: Konjunkturane svingar, økonomien er i krise, marknad og etterspurnad har endra seg, det som var trygt har vorte utrygt.
Når denne typen endring er til stades i coachingprosessen, vil det kanskje vere som nærvær: Korleis kan du på best vis vere til stades i endringane? Det kan vere som meistring: Korleis kan du klare å stå i det, tole lasta, halde deg fleksibel, halde motet oppe, sjå mulige val?
Dette vil ofte vere verdiskapande prosessar. Når noko skjer i livet ditt, noko som du ikkje kan hindre at skjer, kva meining skal det få? På kva måte skal det ha verdi for deg?
Ei anna form er ønska endring, endring som skal styrast i ei viss lei: Eit oppbrot frå det som er, brot med eit uønska, hemmande mønster – åtferdsmønster, tenkemønster, emosjonelt reaksjonsmønster. Eller eit gjennombrot fram mot eit definert mål, mot den beste versjonen av deg sjølv, mot suksess, i den tydinga kvar og ein av oss måtte ha av det ordet.
Kvifor skal du dit du skal? Kva er det som triggar deg? Kva er det som driv deg?
Dette er verdistyrkjande prosessar. Coachen gjev eit bidrag til å gni stjernene blanke, løfte dei opp på himmelen og peike på dei.
Men me skal nok og peike på sjølve himmelen, på havet av stjerner som blinkar der. I kva konstellasjon står ledestjerna til dei andre stjernene? Kven kan dei vere ledestjerne for? Kva om me møtest på vegen?
Ikkje sant?

 

Kommentarer

kommentarer