MOT og BLINDHET

To ting hende meg om lag samstundes denne veka:

Ei setning i ei bok. «Mange ting er arvelige (blindhet f.eks.), mot er ikke en av dem. (Jorge Luis Borges

Ein video med opptak av barnebarnet mitt på to og eit halvt år som tar fart og kastar seg ut frå kanten av bassenget i symjehallen og landar med mageplask i vatnet.

Samanfall i tid peikar vel ikkje mot ein kausalsamanheng, men det kan nok skape magisk meining. Det trur eg på. Ingenting er tilfeldig når eg er på jakt etter kraft.

ARV?

Og er det verkeleg slik at mot ikkje er arveleg? Kor kjem det då frå?

I alle fall er mot ei universell dygd, dvs. at menneske uavhengig av stad og kultur verdset mot som personleg eigenskap. Det kan tyde på at det ligg forankra i menneskeleg DNA.

UNIVERSELL DYGD

Sjølv er eg ikkje spesielt modig, men barnebarnet mitt har fleire besteforeldre. Og sonen min overvann si høgdeskrekk ved å hoppe frå timeteren og gi seg i kast med fjellklatring som sport.

Slik er det nemleg med mot. Du veit ikkje om du har det, før du treng å vise det. Du treng noko å vere redd for, du treng å kjenne på det utrygge, på frykt eller angst.

Dersom dygdene våre kan kallast aktivitet, noko vi gjer eller noko vi viser fram, kan vi snakke om to nivå, eit tonisk nivå eller grunnivå som ligg der som beredskap, og eit fasisk nivå som gir seg til kjenne når det er bruk for det.

Mot viser seg i hovedsak som fasisk aktivitet. Korleis eg vil reagere i møte med fare, veit eg først verkeleg i det augeblikket då eg møter trugsmålet.

LØVEBRØLET

Eit somalisk ordtak deler mot inn i tre fasar: Ein modig mann fryktar løva tre gonger, første gong når han oppdagar sporet etter henne, andre gong når han høyrer løvebrølet og tredje gong når han konfronterer løva.

Samstundes kan mot vere kontekstavhengig. Eg kan drive ekstremsport med dødsforakt, men likevel vere unnvikande og feig i møte med mine leiarar, medarbeidarar, barn, ektefelle.

Eller, for å trekke inn dagsaktuell politisk situasjon, i møte med mektige politiske storleikar og utsikter til represaliar og negative konsekvensar.

Mot og blindhet

Både coaching og sjølvcoaching vil ofte adressere mot som dygd eller eigenskap som det gjeld å gjere medviten, lokke fram, trene opp, gjere fasisk.

Til tider kan vi nemleg være blinde for det som bur i oss.

Vi er kanskje på sporet av noko, eller vi har høyrt det utrygge brøle, men vi nøler med å konfrontere det, å ta det steget som er nødvendig for å oppnå ny kvalitet, for å bli vaksen, for å ta ansvar for eiga utvikling og framgang.

Vi kan være både blinde og feige. Men vi treng ikkje forbli det.

Søk utdanning/kurs

Type kurs/utdanning