ALT HAR SI TID - MENNESKER SKAL VOKSE OG BLOMSTRE



Som coach møter du ofte eit ønske om finne tilbake til den eg eller vi eingong var.
Eg vil tilbake til den eg var før ulykka skjedde, før smellen kom då eg møtte veggen, eller før kvardagen og rutinane åt meg opp og eg mista kontakten med meg sjølv og mine eigne behov.



Og som coach kan det då vere både freistande og nyttig å ta turen bakover i tid, til dømes på ei tidsline, for å undersøke og vekke til live igjen det som var den gongen, hente opp ressursar, finne igjen sterke sider og ting som gir meining og retning.



Men som coach kan eg aldri hjelpe nokon til å finne vegen tilbake til den hen var.
Ingen kan gå ut i same elva to gonger. Elva er ikkje den same. Og badegjesten er ikkje den same.



Alle som har vore på ei lengre reise, anten det er fysisk i framande land og kulturar eller metaforisk som til dømes på ei utdanning med vekt på personleg utvikling, veit kor vanskeleg det er å kome heim att. Du brenn etter å leve ut dei nye innsiktene og impulsane du har fått, og du brenn etter å få dele det du har opplevd og erfart med flokken, og så merkar du at flokken har levd sitt eige liv, gjort sine eigne erfaringar, gått i sin vante tralt, men likevel flytta seg bort frå deg.



For ein del år tilbake snakka eg ofte med ein kollega som hadde budd lenge i Tyskland og lengta tilbake til Norge. «Samfunnet har blitt så kaldt her,» sa ho. «I Norge er relasjonane mykje nærare og varmare.»
Eg håper at ho ikkje vart skuffa. Det du reiser frå, er aldri det du kjem tilbake til.
Så kunsten for ein coach blir å hjelpe med å finne vegar for å integrere og transformere i eit flyktig no det som ligg tilbake på tidslina. Eller endå betre: å projisere det inn i framtida.



Når vi siterer Heraklit, er det ikkje for å bli antikke grekarar, men for å undersøke på kva vis innsikta i sitatet kan være relevant for oss i dag.
Korleis kan du hente opp erfaringar frå fortida, polere dei til høgglans og gjere dei til ein del av livet ditt no? Utan at det berre er ein nostalgisk refleks?



Og, dersom du har vore gjennom eit vondt brot, ei hending som sette deg ut og snudde opp ned på alt, korleis kan du hente styrkane frå før det skjedde med deg og gjennom hendinga og transformere deg og den, for å kunne ta det med som ressurs og hjelpemiddel inn i det som ligg framfor deg?



For å sitere Pindar, ein annan antikk grekar: Bli den du er, som lærande vesen.



Det vi kan håpe på å hente med oss frå fortida er det vi til no har lært – om våre styrkar, om våre verdiar og om kva som motiverer oss. Meistringstru.






Mennesker skal vokse og blomstre!
Søk utdanning/kurs
Type kurs/utdanning