Verda er ein landsby, er eit mykje brukt uttrykk i Tyskland. Den kanadiske filosofen Marshall McLuhan (The Medium is the Massage) tala om «The Global Village». Begge deler uttrykk for at samferdsel og kommunikasjon får verda til å krympe.
Her skal imidlertid «landsbyen» stå for staden du kom frå og staden du skal tilbake til. Dersom du er på reise. Og det er vi jo alle.
I Norge har vi jo meir bygder og småbyar enn landsby. Men ein del av oss har vore på tur i andre strøk, så kanskje «Landsbyen» likevel kan funke som metafor.
Heltereisa
Denne metaforen har eg henta frå ei førestilling om ei heltereise.
Og i bakhovudet har eg også to sitat som er i dialog med kvarandre og konkurrerande:
«Det er synd på det land som ikkje har heltar.» (Rudyard Kipling)
«Det er synd på det land som treng heltar.» (Bertolt Brecht)
Felles struktur
Den som kanskje mest markant har prega tanken om ei heltereise, er Joseph Campbell. Hos han er dette ein struktur ein finn i dei store forteljingane verda over. Den felles strukturen gjer det nærliggande å tenke at dette er ein struktur som gjespeglast i «la condition humaine», menneskets lodd.
(Anti)psykiateren R.D. Laing spekulerte i om strukturen i heltereisa ikkje alt er å finne i vår felles reise før fødselen, den farefulle vegen ei befrukta eggcelle legg ut på i mors liv, utsett for og utlevert til ein lagnad som krev både resiliens og gjennomslagskraft.
Reisa har faste element som kallet eller kallesignalet, terskelen, opp- og utbrotet, dei gode hjelparane, forbodet, utfordringa, belønninga og heimreisa. (Eg skriv dette no rett før pinse, og vi veit jo at heimreisa i ei av våre store forteljingar gjekk rett til himmels – kanskje vi kan kalle det for vegen til suksess?).
Og veldig viktig, kan hende det avgjerande momentet: Skatten må bringast heim og framleis vere ein skatt.
Staden og grensene
Heltereisa går innom ulike stader (topoi). To av dei som deler grense er landsbyen og ørkenen.
Som metafor står landsbyen for eit liv integrert i samfunnet og kulturen du har vakse opp i, i familie og jobb. Den er prega av tryggleik og tilhøyrsle. Du veit kva som skjer, kjenner «alle», kan det du skal kunne, er omgitt av vener, naboar, hund og katt, gode rutinar og vanar – og mindre gode rutinar og vanar. Av og til drøymer du deg vekk, til fjerne land, til kvite sandstrender, sol og blått hav, men du veit kor du høyrer heime.
Det gode liv
For svært mange menneske er det dette som er det gode liv (medan somme, kanskje med ei lita note av forakt, kallar det for «komfortsonen», den vi må kome oss ut av).
Helten bryt opp og forlet landsbyen, fordi hen vil eller fordi hen må.
Du tar signalet og bryter opp, vågar endringa.
Eller kanskje det har blitt for trangt, for tett, for varmt – du bryt ut for igjen å kunne puste og bevege deg fritt.
Opp- og utbrot
Det er den aktive måten. Då forlet du landsbyen i ein ressursfull tilstand, med høg status.
Den passive måten er når du blir utstøytt.
Jo sterkare tilhøyrsla i eit fellesskap er, desto klarare er grensene for inne og ute. Og også reglane for kva som er lov og ikkje lov. Her i Norge kallar vi den eksekutive administrasjonen i slike fellesskap for «bygdedyret».
Ørken og utanforskap
Utanforskap er å hamne i ørkenen med låg status. Tilskrivinga av offerrolla i «mobbeoffer» peiker på dette. Her ligg ikkje ressursane opp i dagen. Her kostar det å vere kar.
Mitt favoritteksempel: Brødrene Løvehjerte.
Landsbyen er Kirsebærdalen, ørkenen er Klungerdalen.
Jonatan bryt opp fordi han vil og kan. Han er vinnaren, den fødte helten.
Kavring bryt opp fordi han må.
Begge forlet landsbyen fordi det er nødvendig. Ingen av dei vender tilbake.
Landsbyen kan altså vere:
✍ Staden og miljøet der du veks opp
✍ Skuleklassen eller fotballaget ditt
✍ Teamet eller arbeidsplassen din
✍ Familien din
Kanskje har også du vore så heldig å få høyre Frank Beck fortelje om sitt opp- og utbrot frå Rjukan, då veit du kva eg snakkar om.
Det var ei vellykka heltereise, og det kan hende at heltereisa di er vegen mot suksess, men du har ingen garanti.
«Alt blir bra» kan fort bli til toksisk optimisme.
«Vi kan klare det» er kanskje ei betre haldning?

